Vi skal ikkje sova bort sumarnatta, ho er for ljos til det.
Då skal vi vandra i saman ute,
|: under dei lauvtunge tre. :|
Då skal vi vandra i saman ute, der blomar i graset står.
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
|: som kruser med dogg vårt hår. :|
Vi skal ikkje sova frå høysåteangen og grashoppespelet i eng, men vandra i lag under bleikblå himlen
|: til fuglane lyfter veng. :|
Og kjenna at vi er i slekt med jorda, med vinden og kvite sky, og vita at vi skal vera i saman
|: like til morgongry. :|