Sangliste Presenter

Gje meg handa di, ven

Sondre Bratland · mel: trad

Gje meg handa di ven når det kveldnar
Det blir mørkt og me treng ei hand
La dei ljose og vennlege tankar
Fylgje oss inn i draumars land
Lat varmen frå ein som er glad i deg
Tenne stjerner i myrkaste natt

Gje meg handa di ven
Når det kveldar
Det blir mørkt og me treng ei hand

Varme tankar og hender som trøystar
Er som sol over frosen jord
Kjenne varmen frå ein som er nær deg
Gjev langt meire enn store ord
Lat varmen frå ein som er glad i deg
Tenne stjerner i mørkaste natt

Gje meg handa di ven når det kveldar
Det blir mørkt og me treng ei hand